Topptur på ski til Steinegga i Jølster 1165moh

Topptur på ski til Steinegga i Jølster 1165moh


Arrangør: Vestland Bedriftsidrettskrets
Påmeldingsfrist: 24.02.2023 12:00

Tid


Sted

Vis kart

Pris

Påmelding fra kr 832,00 inkl. avgifter

Steinegga 1165 moh 

Tidspunkt: Laurdag 25.februar kl 11:00

Stad: Oppmøte kl 11:00 på rasteplassen på Svidalsneset 

Pris:  800kr

Nivå: Middels lett tur som passar for nybegynnarar 

Kort  2 – 5 timar. Ligger på nordsida av Jølstravatnet. Lett og kort tur som passar godt for alle. Oppstigninga er sørvend og ligger i solsida heile skisesongen. Byr på fin utsikt til dei mektige og populære toppturfjella på Ålhus (Syskarnipa, Skåhammersegga og Godtalsnipa). 

Turen startar med toppturparkeringa like vest for Bergselva i Svidalen og går aust for Bergselva opp til traktorvegen som går til Gamlestøylen. Deretter svingar den nordaust før støylen inn i ein dal. Innerst  i dalen følgjer ein ryggformasjon som går nordover opp til Steinegga. Nedkøyringa er i same rute som oppstigninga.  

Utstyr: Ski, bindingar med gåfunksjon, feller, skistøvlar med gåfunksjon og teleskopstavar 

Klede: Ullundertøy, genser, lue, hals/buff, vindtett yttertøy, skredsøkar, solbriller og lette hanskar. 

I sekken: Spade, søkestang, dunjakke, hjelm, skibriller, hanskar til nedkøyringa, mat og drikke.  

Ved opptil 7 påmeldte vil det vere med ein guide. Frå 8 til 15 påmelde stiller vi med 2 guidar. 

Dersom du ynskjer å leige skredutstyr så ta kontakt med Brit-Helen på 41477775.

Lyst til å ha ein eigen tur berre for din bedrift/ ditt bedriftsidrettslag? Ingen problem! Da er det berre å ringe oss på 41477775 eller send epost til vestland@bedriftsidretten.no.


Administratorer


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.